OM EIN TENOR SOM SONG I KOR – han ville ut, so vekk han fór, men verda vart for stor…..

På leiting og på vift,ei stund i vilske vond han driv, imyllom jobb og skjorteskift frå land til land, likt handelsfrakt han er i lengt og stendig jakt, på meining med sitt liv.

Ein fugl kan flyge langt, på veg mot både nord og sør,  med hosebandet knytt for trangt,  kompassnåla er sett i pant som hockeypucken hardt mot vant, og fuglehjartet blør……

Men månen har han sett, i dette klåre, kalde ljos, han høyrer eit retrett, retrett! Den tonen kjende han frå før, som kjem frå trugne songarbrør, likt varmen i eit fjos.

Velkomen heim, du ven, kva fann du som var betre der? stor lovnad frå ein rik mesén?  i glim og glans som kastar blår, der dårekista gir deg sår, ditt mål, di hamn ligg her…….

Zlatan Midteide