PØLSEDIKT

 – eg har so lyst til å starte ein kafe…..
mot alle trendar,
der folk kan møtast og mykje kan skje
og der maten er god kvar dag
i årets heile kalendar.
 
Og dette skal vere ein pølsekafe
der ulike slag og fasongar heng ned
frå taket i kveilar og ringar
 
Og helst skal plassen ligge ein stad som folk kjenner te
og gjerne der vegen svingar
 
Der kan dei tjukke få ro og fred,
og dei tynne er sjølvsagt velkomne med
og likeeins vegetarar
kan gjerne få sette seg ned

Og dei som ynskjer kan få berre stappe, no og då
med innslag av urter og rotfrukt og dill
so mykje dei vil.
 
Pølse Muslim er av okse og lam eller hest
slik at både magen og trua kan vekse som best
 
Ei sommarpølse det må vi ha,
den har eg tru for blir særskilt godt likt
med frisk salat og chili og slikt
 
Litt seint på natta smakar det godt med litt salt
og då kan alt serverast kaldt
med øl til og kanskje ein liten skarp ein, om so det gjaldt
 
Den beste stappa lagar vi slik, av gode poteter, pepar og salt
ein fløyteskvett og litt muskat og om du vil ein liten smørklatt
 
Kva skal han heite vår pølsekafe, ja, det var det:
Pølse Eleven? Pølseveven? Pølse.no?
eller rett og slett Vår Pølsekro?

Ja viktig er det at namnet kling vel, og at det noko til oss fortel

kanskje namnet kan være: FOR KROPP OG SJEL ?

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s