når dei er mange nok,
sume dreg to og to,
og reiser frå Vinterbro
To møter opp på Fornebo,
der er det berre ei rusegrop no
ein fér åleine, fordi han treng ro.
ein annan sit framleis på Rustad kro
der lapskausen visstnok er særskildt god,
- Andre har avgang frå Haugesund,
i følge med han som har venta i baren ei stund,
på stamstaden sin, på Hotell Neptun.
der vil dei vere eit døgn eller tre
det kjem vel eit fly som vil ta dei med.
- Frå Bergen by og Fleslandet,
med trekkspel i koffert, reisande
til rette tid og om munn eit smil,
ein annantenor, det er ingen tvil
i det mjuke flysetet mil etter mil
ligg kroppen hans roleg,
han tek seg ein velfortent kvil,
er glad at han slepp å køyre bil.
- Dei sto på Stiklestad fylka til strid,
men det var den gongen, i gamal tid,
No reiser gutane, slik det seg høver,
som einsleg ulv eller turgruppeløver.
Ein gumlar smørbrød med egg og salami,
ein annan les boka til Murakami,
- Men anten ein heiter Per eller Pål,
og bur i storbyen eller i Ål,
sit smilet om munnen gleda i sjela
dette fine koret er eg ein del av,
svært ulike, men med det same mål,
listen and learn from this wakeup call:
United we stand, divided we fall“
Vetle Berg Jacobsen
![DSC_0260[1]](http://saunes.files.wordpress.com/2012/01/dsc_026011.jpg?w=300&h=154)
![DSC_0411[1]](http://saunes.files.wordpress.com/2012/01/dsc_041111.jpg?w=199&h=300)

Hei du indianer!! Hyggelig at du er i bloggmodus igjen!! AnneK:-)
By: AnneKari on 22/01/2012
at 20:29